![]() |
|||||||
Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylke har bestemt at det i samanheng med Kulturminneåret 2009, skal produserast eit digitalt kulturminneatlas til bruk for kommunane i fylket. Kulturminneatlaset skal vere eit nettbasert digitalt verktøy for å kartfeste, registrere og presentere kulturminne og kulturmiljø i dei enkelte kommunane i fylket. Hovudformål med kulturminneatlaset: Kulturminna skal kunne registrerast gjennom eit elektronisk skjema med klare rammer for kategorisering og tillaten informasjon. Møre og Romsdal fylke vil utarbeide ei kategorisering av kulturminne som skal nyttast til dette. Kategoriseringa av kulturminna skal vere dynamisk, med rom for endringar i registreringsskjemaet. Det skal vere mogleg å lagre bilete og andre dokument tilknytt kulturminna. Det er ønskjeleg at koordinatfestinga av kulturminna skal gjerast gjennom direkte innlasting av GPS-data, ved hjelp av det digitale kartet og innlegging av koordinatar i ulike koordinatsystem. Adresse til løysninga er: http://kulturminneatlas.avinet.no |
Siste oppføringar i Teknologiblogg Kurs i PostGIS og MapServer vinter 2011 av Frode Wiseth Jørgensen, 08.11 Kurs i PostGIS og MapServer høsten 2010 av Frode Wiseth Jørgensen, 01.07 Adaptive II lansert! av Frode Wiseth Jørgensen, 04.10 Interessert i WMS, WFS og geodatabaser? av Frode Wiseth Jørgensen, 18.04 zigGIS 2.0 av Frode Wiseth Jørgensen, 22.05 Åpne Teknologiblogg |
||||||
|
|
|||||||
|
Fosshaugane Campus U2 • 6856 Sogndal • Tlf +47 91 87 26 34 • Faks +47 57 67 46 09 • E-post: avinet@avinet.no•
|
|
||||||