GeoAtlas - elektronisk atlas for e-læring

GeoAtlas er eit verkty som gjer kart og Internett til ein del av læringa. Elevar skriv artiklar, teiknar, tek bilete, lagar videofilmar og stadfestar informasjon i kartet. Andre omset artiklane til engelsk eller nyttar stoffet som kjeldemateriale.

Bakgrunn

Denne tenesta vart etablert i 2003 gjennom eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Asplan Viak Internet as, Leikanger og lokale krefter i Balestrand som Balestrand Sogelag, Sognefjord Reiseliv, Sagatun Skule, Balestrand Idrettslag og Balestrand kommune. Tenesta har hatt namnet Fjellatlas fram til nyleg. Målet er å løfta fram natur - og kulturkvalitetar i fylket. Fleire kommunar er no representerte og tenesta formidlar natur og kultur frå fjord til fjell.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har no den praktiske leiinga når det gjeld innhald og bruk av tenesta.  Kontaktpersonar der er Gunnar Urtegaard og Bjarnhild Samland.

Funksjonar

Tenesta består av to hovedmodular - administrasjonsmodul og innsynsmodul

Administrasjonsmodulen krev pålogging av brukaren. Her legg brukarane inn artikklar, kartfestar desse, knytter dei til kategoriar og legg inn linkar.  I tillegg kan brukaren legge i bilder/video/lydklipp.

Hovudinngangen til tenesta er eit dynamisk kart. Oppe til venstre ved kartet kan ein velja det grunnkartet ein ønskjer å orientera seg etter. Ved å kryssa av for dei ulike temalaga til venstre i biletet, kan du leggja mange typar informasjon ut på kartet. Her ligg artiklar, lyd og bilete om arbeidsliv før og no, bygningar og arkitektur, historiske ruter, kultur og tradisjonar og naturarven. Du kan velje kva kommune du vil ha fram informasjon i frå. Dessutan kan du søke på ord i  teksten. Resultatet av søket viser seg med ulike informasjonssymbol i kartet, men du får også  resultatet lista opp til høgre på sida. Du kan henta fram informasjonen frå denne lista eller at du ved hjelp av pilverktyet like over kartet klikkar på symbola som er vist på kartet.

Innhald i tenesta

I eldre tid var fjella ein viktig del av livsgrunnlaget til folk i Sogn og Fjordane. Fjella var sommarbeite, og jakt - og fiskerettar var viktig. Hovudelementa i fjella var på eit vis stølane og stiane. Stiane batt fjellområda saman og stølane var basane for utnytting av fjella som beiteområde. Stølane og stiane er på eit vis fjellet sin versjon av gardstuna og vegnettet i låglandet.

I fjellet finn me viktige kulturminne, men ikkje berre der. I Geoatlas nyttar med omgrepet kulturminne vidt. Me tenkjer på det som eit emne eller eit tema der kulturminne til dømes kan vera eit område, ei hending, ein person, ein gjenstand. Det dreier seg om spor etter menneske på eit eller anna vis.Kultur og kulturminne står i nær samanheng med naturen omkring. Dette ønskjer me å få fram gjennom Geoatlas. Natur og kultur vert difor grunnsteinane i Geoatlas.

Faktaark og prising

Fakktaark kan lastast ned her.
For pris på verktyet må ein kontakte Ellen Johanne Lunde tlf: 95 24 47 70 eller e-post: ejl@avinet.no

Brukarinnstillingar
Større skrift | Mindre skrift
UMN MapServer

er den leiande open source kartserveren. Vel du denne kan du bruke meir pengar på utvikling av tenester og mindre på lisensar. Våre medarbeidarar har utvikla for MapServer sidan 1997



Siste oppføringar i Teknologiblogg

Kurs i PostGIS og MapServer vinter 2011 av Frode Wiseth Jørgensen, 08.11

Kurs i PostGIS og MapServer høsten 2010 av Frode Wiseth Jørgensen, 01.07

Adaptive II lansert! av Frode Wiseth Jørgensen, 04.10

Interessert i WMS, WFS og geodatabaser? av Frode Wiseth Jørgensen, 18.04

zigGIS 2.0 av Frode Wiseth Jørgensen, 22.05

Åpne Teknologiblogg

Fosshaugane Campus U2 • 6856 Sogndal • Tlf +47 91 87 26 34 • Faks +47 57 67 46 09 • E-post: avinet@avinet.no
Abonner på RSS feed Høgreklikk på denne linken, vel 'kopier snarveg' og lim inn i adresselinja i RSS-lesaren din. Dersom du nyttar Opera eller IE7 kan RSSen visast i nettlesaren ved å klikke på linken.