VisitorMap - kartløysing for reiselivet

VisitorMap er ei kartløysing for reiselivet og består av innsynsklient, redigeringsverkty, import/eksportfunksjon og grensesnitt for integrasjon med eksisterande løysingar.

VisitorMap er ei kartløysing utvikla for og i samarbeid med reiselivet. Løysinga er basert på Google Maps-teknologi, og fonetiske søketeknologi og vert nytta til å presentere reiselivsinformasjon på kart på Internett på ein enkel, informativ og attraktiv måte. Driftskostnadene med løysinga er svært lave då den er bygd opp ved hjelp av åpen kjeldekode. Vi tilbyr ein avtale om brukerstøtte og teknisk support til dei kundane som ynskjer dette.

Funksjonar

Innsynsmodul: Løysinga har ein innsynsmodul som består av eit tittelområde, eit kartvindauge med funksjonsknappar, eit oversiktskart, ei liste med informasjon som kan skruast av og på i kartbiletet og eit felt for å føreta tekstlege søk og få presentert søkeresultat. Alle element som vert viste i kartet er "klikkbare" og ved å klikke på t.d. eit hotell vil det opne seg ein boble med namnet på hotellet og ein lenk til hotellet si heimeside samt evt. kontaktinformasjon.

Distribusjonsmodul: Dersom ein reiselivsdestinasjon tilbyr ei kartløysing for eit område kan medlemsverksemdene til destinasjonen lenkje direkte til si verksemd i destinasjonskartet. Dei kan også vise ei forenkla utgåve av innsynsmodulen på sine eigne sider utan at konkurrerande verksemder er med i kartet.

Vedlikehaldsmodul: VisitorMap har ein vedlikehaldsmodul som mellom anna kan nyttast til å redigere innhaldet i kartløysinga, legge inn ny stadfesta informasjon og redigere stadnamn. Denne gjer det lettvint for utrente brukarar å redigere kartinformasjon.

Data I/O-modul: Reiselivsinformasjon føreligg gjerne i eksisterande databasar og VisitorMap kan importere eksisterande informasjon ved hjelp av standard XML-basert utvekslingsformat for reiselivsinformasjon som definert gjennom prosjektet delprosjektet for standardisering i BIT Reiseliv. Slik automatisk import kan skje etter ein førehandsdefinert tidsplan. På denne måten slepp kundane våre å vedlikehalde informasjon meir enn ein stad.

API for integrasjon med andre løysingar: I tillegg til ein eigen kartinngang i reiselivsportalar kan det vere nyttig å vise kart i samband med presentasjon av einskildverksemder eller i samband med trefflister etter eit søk. For avanserte kundar som ynskjer dette har VisitorMap eit eige dokumentert API for å utvikle avansert spesialfunksjonalitet.

WAP-modul: For kundar som ynskjer å gje sine brukarar tilgong til informasjon via mobilt Internett har VisitorMap ein enkel WAP-modul som tillet søk og visning av kontaktinformasjon.

Kostnad

VisitorMap er har ei standard prisliste som gjev eit oversyn over prisbiletet for kundar som ynskjer å benytte standardutgåva av løsyinga. Prislista føreligg i Adobe Acrobat format og kan lastast ned her: Prisliste VisitorMap.

For spesialtilpassing av løysinga eller særskilde ynskje, ta kontakt for nærare diskusjon og uforpliktande tilbod.

Bakgrunn

Løysinga er utvikla i nært samarbeid med Stiftinga Vestlandsforskning og Visit Sognefjord gjennom BIT-Reiseliv-programmet med støtte frå Innovasjon Norge

Brukarinnstillingar
Større skrift | Mindre skrift
UMN MapServer

er den leiande open source kartserveren. Vel du denne kan du bruke meir pengar på utvikling av tenester og mindre på lisensar. Våre medarbeidarar har utvikla for MapServer sidan 1997



Siste oppføringar i Teknologiblogg

Kurs i PostGIS og MapServer vinter 2011 av Frode Wiseth Jørgensen, 08.11

Kurs i PostGIS og MapServer høsten 2010 av Frode Wiseth Jørgensen, 01.07

Adaptive II lansert! av Frode Wiseth Jørgensen, 04.10

Interessert i WMS, WFS og geodatabaser? av Frode Wiseth Jørgensen, 18.04

zigGIS 2.0 av Frode Wiseth Jørgensen, 22.05

Åpne Teknologiblogg

Fosshaugane Campus U2 • 6856 Sogndal • Tlf +47 91 87 26 34 • Faks +47 57 67 46 09 • E-post: avinet@avinet.no
Abonner på RSS feed Høgreklikk på denne linken, vel 'kopier snarveg' og lim inn i adresselinja i RSS-lesaren din. Dersom du nyttar Opera eller IE7 kan RSSen visast i nettlesaren ved å klikke på linken.